Dagens middag      Catering      Sport & fritid     Gluntén kafé     Kva skjer?


Aktivitetar


Fotturar:
hotell-uteliv_1.jpg

Det er mange merka løyper i områda rundt Svelgen som du fint kan trakke i ro og mak. Det lokale turlaget arrangerer også jamnleg turar i desse områda både sommar og haust.  Eige program for turane kan dykk få ved i resepsjonen. Ein populær tur er ruta til Ålfotbreen. Fem minutt frå hotellet ligg Risevatnet som ei perle med turveg. 15-20 minutt frå hotellet ligg ca. 20 godt beskrevne ruter.

gunnhild.jpg
Rock i Bremanger: I juli vert det arrangert Rockweekend i Bremanger. Kjende artistar frå inn- og utland har stått på scena framfor tusenvis av tilhøyrarar. Kombiner ekte festivalkjensle med eit opphald på Svelgen Hotell. Snakk med vår resepsjon om båtskyss til den vidkjende Bremanger Rockweekend. Bilde av Gåte 2005.


hotellet_bil.jpg
AmCar i Svelgen: Svelgen AmCar club har i 15 år arrangert AmCar-treff i Svelgen. Festivalområdet ligg eit steinkast frå Svelgen Hotell.

Båtturar:
Via våre samarbeidspartnerar kan vi invitere på sjøcruise i  behagelege passasjerbåtar! Vi tek deg med til Vingen-feltet, eit av dei mest særprega helleristningsfelta i nord-europa. Vidare tar vi båten langs den imponerande sjøklippa hornelen før vi legg turen innom fiskeværet Kalvåg.Vi kan også sette opp turar til andre flotte attraksjonar i regionen.
rafting.jpg

Ekstremsport:
Svelgen med sine røffe natur er som skapt for ekstreme aktivitetar.

Vannsport
Eit opphald ved Svelgen Hotell gir deg gode høve til å praktisere det meste innanfor vannsport.

Havrafting For grupper som kjem til Svelgen Hotell er havrafting eit spanande tilbud. Her tek det verkeleg av utover mot Frøysjøen.

Fjellklatring
Klatring i fjella rundt Svelgen er det ein aukande interresse for, og vel verd å prøve. Her er utfordringar for dei fleste vanskegrader. Det er ca 34 merka klatreruter i området. Du finn også eigen innandørs klatrevegg i Svelgen Idrettshus.

Jakt
hjort.jpg

I Svelgen er du i hjartet av landets leiande hjortekommuner. Hjortejakt er stort i Bremanger kommune, og i Myklebustdalen er jakt kultur. Her er tradisjonane lange og gode. Gode jaktvald og godt jaktterreng gjer dette til den delen av kommunen der det vert skotne flest dyr. Også småviltjakta er stor i kommunen. Hos oss kan du kjøpe jaktkort og få tildelt jaktområder. Naturopplevinga får du med på kjøpet.

Helsestudio og idrettshus:
På hotellet finn du helsestudio med tyrkisk steambad og solarium. To squashbaner, skytebaner, vektrom og klatrevegg ligg i Svelgen Idrettshus to steinkast unna.
ivana_289.jpg

Skiturar: Fjella rundt Svelgen er som skapt for skiturar både for den trente og hobbymosjonisten. Idrettslaga i Svelgen og Ålfoten syter for lysløype med oppkjørte spor i Myklebustdalen. Fantastiske omgjevnader ved jaktlaget si hytte Karsskardstova..
ski-hotell.jpg

<<    >>