Dagens middag      Catering      Sport & fritid     Gluntén kafé     Kva skjer?

Ta ein virtuell rundtur i kommunen vår!

Prøv vårt interaktive kart som tar deg med på ein liten rundtur i kommunen vår.



KYSTKULTUR


RUGSUND1_thumb_1.jpg

Rugsund Handelsstad:   Handelsstaden Rugsund var eit viktig knutepunkt på kysten i gamal tid. Her var tingstaden i ytre Nordfjord. I Rugsund fann ein brennevinsutsal, sildesalteri og handel. Den godt restaurerte handelsstaden vart freda allereie i 1924. Kystlaget Hornelen har også restaurert ei gamal bu og gjort den om til eit kystkultursenter som er vel verdt eit besøk. Ynskjer du å vere med å ro den gamle leia kan du vere med Kystlaget inn i ei anna tid utanmotor og dårleg tid. Rugsund ligg omlag ein time frå Svelgen med bil eller båt.     
kalvag_thumb_1.jpg


Kalvåg:   Det sjarmerande fiskeveret Kalvåg ligg heilt yst i havgapet og er eit av dei best bevarte i sitt slag i heile Noreg.  Med Nordsjøen som nabo i vest og Stad mot nord er øya omkransa av 700 holmar og skjær. Her kan du oppleve eit nesten urørd stykkje Noreg. Her er kafé, den vidkjende restauranten Knutholmen der det er eit yrande liv heile sommarhalvåret. Om Kalvåg er vakkert er historia endå meir fasinerande. Det budde over 10 000 menneske her på 1860-talet under det store sildefisket.  Det har vore teke fisk i land på Kalvåg i uminnelege tider og dei gamle sjøhusa som i dag er topp restaurert gir eit godt innblikk i korleis fangst og foredling gjekk føre seg for 200 år sida. Kalvåg er kort sagt eit levande museum med ei unik atmosfære.


HISTORIE


Bergkunst i Vingenfeltet: I Vingen kan du i sjå eit av dei største  felta med veidekunst i Skandinavia. Langs ei nærare tre km lang strandstrekning er det registrert over 1500 figurar, der dei eldste er datert 4500 år tilbake i tid. Vingen har truleg vore ein kultisk møtestad for menneska i regionen i tusnar av år.  Du kan bli med på ein av båtturane som vert arrangert til Vingen kvar sommar.     

ivana_205.jpg

Rugsund Handelsstad:   Handelsstaden Rugsund var eit viktig knutepunkt på kysten i gamal tid. Her var tingstaden i ytre Nordfjord. I Rugsund fann ein brennevinsutsal, sildesalteri og handel. Den godt restaurerte handelsstaden vart freda allereie i 1924. Kystlaget Hornelen har også restaurert ei gamal bu og gjort den om til eit kystkultursenter som er vel verdt eit besøk. Ynskjer du å vere med å ro den gamle leia kan du vere med Kystlaget inn i ei anna tid utanmotor og dårleg tid. Rugsund ligg omlag ein time frå Svelgen med bil eller båt.  


Skatestraumen:   Tusenårsstaden i Bremanger ligg berre ein knapp time med bil frå Svelgen. I perioden 1991-1995 registrerte arkeologar frå Universitetet i Bergen heile 151 buplassar frå steinalder, bronsealder og eldre jernalder i dette området. I over 8000 år har det budd menneske i dette området der du kan nyte fantastisk utsikt over Gloføykje og Hornelen.  Ein plass med historisk sus.  
Tongane_thumb_1.jpg


Tongane kystfort: Kystfortet ligg lenger ut i Skatestraumen. Dette er eit av dei største tyske festningsverka på kysten av Noreg under 2. verdskrig. Fortet fekk sin elddåp under det velkjende Måløy-raidet jula 1941. Store delar av Tongane kystfort står framleis att med hovudkanona og mannskapsbrakka. Herifrå får du god utsikt over innseglinga til Måløy og innløpet til Nordfjorden.

VINGENFELTET_thumb_1.gif
    Gravrøysene i Botnane: I Bremanger kommune finst det tre gardar som heiter Botnen. På desse gardane ligg det bevart ni gravrøyser. Tre av dei er frå bronsealder, to er frå bronse- eller jernalder medan resten er arkeologane usikre på kor gamle dei er. Dei to røysene på Nordre Botnen ligg med utsyn ut mot havet Frøysjøen. Dei var begge bygde i bronsealderen. Dei to røysene vert kalla Nørdre røysa og Framre røysa. Det er Framre røysa som er størst. Det er den som har nummer ein på kartet. Denne røysa er 38 meter i tverrmål og 5 meter høg. Ho er bygd opp av halvmeterstore steinar. I midten kan du sjå eit hol eller krater. Det viser at grava har vore røva. Då røvarane grov seg ned laga dei eit 15 meter langt og 3 meter breitt krater. Steinane kasta dei utover mot nordaust. Dette ligg slik den dag i dag og kan opplevast ein halvtimes kjøretur frå Svelgen.   



VAKRE SANDSTRENDER


Grotlesanden: På øyane i ytre Bremanger, vest for Svelgen, finn du eit heilt særeige kystlandskap. Storhavet har fått stå rett mot land og forma ei rad flotte sandstrender. Grotlesanden er den største på nærare ein kilometer. Silkemjuk sand så langt auge rekk. Med svaberg og skjær er dette eit ynda boltreplass på sommartid. Det er tilrettelagt parkeringsplass og kiosk på godvêrsdagar. Grotlesanden er også vel verdt eit besøk i styggevêr!
GROTLESANDEN_thumb_1.jpg


Vetvikstranda: Heilt ytst mot havet finn du Vetvikstranda. Det er ikkje veg dit, men du kan nå naturperla til fots eller med båt. Vetvika er fråflytta, men dei fleste husa står att - kanskje du kan få heile stranda for deg sjølv på ein fin sommardag. Den største garden  i Bremanger i tidlegare tider var "Solheim" låg i Vetvika.


FJELL OG KLIPPER


HORNELEN_thumb_1.jpg

Hornelen: Hornelen (860 moh.) ligg i Bremanger kommune og er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. I eldre tider kalla ein gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange segner er knytt til dette fjellet og ifylgje nokre av desse er det ein samlingsstad for hekser både jonsokaftan og julaftan. Hornelen har lenge vore brukt som landemerke for skip som fór forbi.  Dersom du er sprek, kan du som vikingkongen Olav Trygvasson klatre beint opp fjellet. Dei fleste held seg til dei merka løypene. Vil du sjå giganten på nært hold kan vi organisere båttur frå Svelgen (30-60 minutt).
_lfotbreen_thumb_1.jpg


Ålfotbreen: Isbreen i Bremanger er den vestlegste i heile landet. Den ligg 1632 m.o.h. og du kan nå den til fots på godt merka stiar med eller utan guide. Du kan sjå Ålfotebreen er godt synlig frå vegen i Ålfoten 20 minutt frå Svelgen. 


NY OG GAMAL TID PÅ EIN GONG


Myklebustsætra: Her kan du finne levande sæterdrift - omlag 20 minutt frå Svelgen. Vil du ta turen innom er du velkomen. Om du bestiller på førehand kan du og få kaffi og sveler eller rømekolle om du ynskjer det. Her hat dei buskapen opp på beite store delar av somaren. Sæterdrifta i Ålfoten er autentisk og unik på våre kantar. Mens mange har lagt ned sæterdrifta følgjer dei tradisjonen med å flytte til sætra om sommaren!
Myklebusts_tra1_thumb_1.jpg

<<    >>